Heimbygda mi så fager eg ser deg.
Vernande tok du meg inn i ditt fang.
Lærte meg barneglad gå dine vegar,
i skogen og fjellet i heimtun eg sprang.
Du lærte meg elske mitt daglige yrke,
nynnar det til meg som heimbygdas sang.
Heimbygda mi så fager eg ser deg.
Veksande fram gjennom skiftande kår.
Villmarka viker for slekta sitt virke,
sjå åker og eng favnes inn i din vår.
Ja, Sørreisa bygda mi her vil eg leve,
rydde og bygge min fedrene gård.
Ole Solvang